| ny leiar i laget |
Sigurd Johansen / Vangen Elektriske AS er vald til ny leiar i Voss Handverk og Industrilag. Sigurd overtek ansvaret for desse web-sidene og e-post (post@vhi.no). Sjå resten av styret under linken Om oss 25.05.2005 Stein Hanto
|
Vossaforum - aktuell møteplass for di verksemd? |
Vossaforum ynskjer å samla alle verksemder og aktive organisasjonar til ein felles møteplass. Voss Handverk og Industrilag oppmodar alle sine medlemer om å melda seg inn i Vossaforum. Meir info finn du her: www.vossaforum.no
|
| Strategisk næringsplan |
Arbeidsgruppa for Strategisk Næringsplan 2005 - 2008 har i møte den 10.desember sluttført sitt arbeid, Planen er i april 2005 vedteke av Voss Kommunestyre. VHI hadde ei sentral rolle for å få igang arbeidet med ein ny Strategisk næringsplan for Voss Kommune.
|
Velkomen til Voss Handverk- og Industrilag sine nettsider
VHI har 47 medlemsverksemder og er Voss sin største bransjeorganisasjon med over 600 heiltids arbeidsplassar. Desse web-sidene er etablert mai 2004, med føremål å marknadsføra laget og medlemsverksemdene mot omverda. Vidare skal nettsidene også betra kommunikasjonen internt i laget.
| 
|
I vedtektene for laget heiter det m.a:
Laget har som føremål å ivareta medlemene sine faglege, økonomiske og sosiale interesser. Laget skal fremja forståing for desse i næringsliv og samfunn og hevda medlemene sine interesser i saker av kollektiv karakter. Laget skal arbeida for å heva det handverksmessige og industrielle nivå, arbeida for kollegial forståing og samarbeid mellom medlemene.
|